09.02.06: Hordaland fylkesutval har løyvd 7,7 millionar kroner til inneklimatiltak ved fire vidaregåande skular i fylket. Mest pengar fekk Langhaugen Videregående Skole med 6,75 millionar kroner til nytt ventilasjonsanlegg.
Årstad Skole fekk 450 000 kroner, Odda Vidaregåande Skule fekk ein halv million kroner, og Bergen Katedralskole fekk 70 000 kroner til inneklimatiltak.