– Eg er oppteken av framdrifta i Skanled. Difor har staten i dag bestemt å gå inn som deltakar i prosjektet som vil realisere Skanled om det er naudsynt. Skanled er viktig for å leggje til rette for industriell utvikling i Noreg og å auke gasseksportkapasiteten til Europa, seier Riis-Johansen.
Skanled er eit komplisert prosjekt, og det er framleis utfordringar som står igjen før prosjektet kan bli realisert. Prosjektet er inne i ein kritisk fase for å nå planen om innlevering av søknad om godkjenning av plan for anlegg og drift 1. april 2009. Dersom nokon av selskapa i pre-interessentskapet reduserer eller trekk andelane sine utan at eksisterande eigarar eller andre investorar tek over desse, vil dette føre til at prosjektet ikkje har finansiering og den vidare framdrifta i prosjektet kan vere usikker. Regjeringa si avgjerd er difor viktig for den vidare framdrifta i prosjektet. Petoro deltek i prosjektet på vegne av Statens direkte økonomiske engasjement (SDØE).