– Endeleg er vi i mål, seier dagleg leiar, Frode Gjerde. Fleire har nok undra seg på kva Rørservice Ulsteinvik eigentleg driv med. Har dei ope? Er det butikk? Sel dei baderom?
– JA, til alt, svarer Frode entusiastisk. Men vi er ikkje lenger lik den tradisjonelle butikken. Vi er unike, som den einaste interaktive baderombutikken i Noreg.
Interaktiv butikkløysning
Rørservice Ulsteinvik gler seg til å vise gamle og nye kundar sitt nye interaktive salsystem. Butikken er ikkje lenger overfylt av utstillingsmodellar, produkt og katalogar. Alt til badet og inspirasjon frå ulike leverandørar får du nå presentert via nettbrett og TV-skjerm.
– Her skal du føle deg heime, fortel Frode. Sett deg i godstolen framfor TV-skjermen vår, nyt ein kopp kaffi, og bli inspirert av vår kompetanse og erfaring til å forme draumebadet ditt, smiler han.
Gjerdsvika
Går du innom butikken i Brendehaugen 9, forstår du kva Frode snakkar om. Det første du møter er ein moderne dusj som heng ned frå taket, forma som ein lampe med lys inni. Dusjstrålane treff store og små steinar, henta frå der det heile starta i 1972 – Gjerdsvika. Du drøymer deg vekk i eit flott bilete frå same stad. Ei vennleg stemme tek i mot deg og følgjer deg vidare til godstolen. Tankar og erfaringar blir delt, og kanskje blir draumen om eit nytt bad fort ein realitet. Du får ei oppleving utan om det vanlege, og ei tryggheit på at du er på rett stad.
Innovasjon
Det at nettopp Rørservice Ulsteinvik står bak denne unike nyvinninga er kanskje ikkje overraskande. Frode er svært opptatt av innovasjon, nyskapning og utvikling. I tillegg har han alltid hatt eit brennande ønske om å få vise alle varene som er tilgjengeleg i VVS-marknaden på ein enkel og oversiktleg måte. Dette er grunnen til at det nettopp er Frode og Rørservice Ulsteinvik som nå vert den første VVS-butikken i Noreg som sel varer via nettbrett og TV.
– Eg er leiar i eit maritimt miljø der innovasjon er eit fokusområde. Det er klart at denne skaparkrafta er smittsam. Å vere ein del av eit slikt miljø har gitt meg lysta på å utvikle noko i mi eiga bransje, seier Frode.
Han legg ikkje skjul på at prosessen med kjøp av bad kan vere langvarig og krunglete, og for mange vanskeleg og frustrerande.
– Dette ynskja eg å finne ei løysning på. Samtidig var det ikkje naturleg for oss å fylle dei nye lokala med produkt som etter ei tid blir utdatert. Eg ville gjere det enkelt for kunden å orientere seg i eit bredt spekter av moglegheiter, samt gi ei kjøpsoppleving utan om det vanlege. Nå skjer alt virtuelt, og vi kan saman med kunden prøve og feile heilt til ein blir lykkeleg fornøgd med både innreiing, toalett, dusj, fliser, fargeval etc. Alt berre med eit touch på nettbrettet, fortel Frode stolt.
Tverrfagleg komptanse
Investeringsselskapet Gjerde Invest AS eig både Rørservice Ulsteinvik AS og Ø. Uri & Sønn AS i Sykkylven, som begge er ein del av Bademiljø kjeda. Totalt er dei om lag 50 tilsette, og dermed den største rørleggarbedrifta i Møre og Romsdal.
– Dette gleder meg. Vi har ei tverrfagleg kompetanse, der kvar og ein tilsett er like viktig. Vi kan bidra med alt frå renovering til ferdig baderom i det private, til dei største prosjekta i proffmarknaden, seier Gjerde.
Frode er stolt over det grunnlaget faren, Palmar Gjerde, har lagt ned gjennom alle sine år i Rørservice Ulsteinvik. – Det har gitt oss rom til å kunne utvikle oss vidare og blant anna satse på den interaktive løysninga, seier han. Rørservice Ulsteinvik er piliotbutikk på dette prosjektet, men Frode ser ikkje vekk frå att andre baderombutikkar etterkvart vil ta i bruk systemet.
Opningshelg
Etter fleire år med planlegging og tilrettelegging er Rørservice Ulsteinvik endeleg klare til å vise fram sitt interaktive butikksystem. Torsdag 18. februar opnar dei offisielt dørene og gler seg til å vise deg rundt.
– Ja, torsdag, fredag og laurdag skjer det. Alle er hjarteleg velkomne, både dei som har tankar om nytt bad, og dei som berre vil sjå korleis vi har fått det. Vi har til og med ei eiga nettbrettavdeling for borna, slik at foreldre får ro til å kike seg rundt. Målet vårt er at kunden skal gå herifrå med eit smil om munnen, og tenke OJ, for ein god service, for ei oppleving, her vil eg handle, avsluttar Frode Gjerde