UiS kutter klimagassutslepp med jordvarme

 
UiS kutter klimagassutslepp med jordvarmeBildet: Nytt bygg på Campus Ullandhaug. Foto: Statsbygg
UiS har nå kuttet kraftig i driftskostnader og klimagassutslipp takket være egen produksjon av termisk energi.

I september blei den nye energisentralen ved UiS sett i drift. Frå januar 2025 er det full drift.

Onsdag 4. desember 2024 kl. 10.00 åpnar Universitetet i Stavanger Energisentralen UiS. Med dette bygget har UiS Campus Ullandhaug redusert forbruket av kjøpt energi for varme og kjøling frå 8 gigawatt til 3 gigawatt. Slik reduserer UiS kraftig både driftskostnadar og klimagassutslepp takka vere termisk energi.    

Sentralen hentar ut geotermisk energi frå 119 djuptgåande brønnar. Kvar av dei med ei dybde på 300 meter. Det avanserte oppsettet omfattar alt frå varmepumpar, gasskjelar og elektrokjelar til solceller og tørrkjølere på taket, i tillegg til energilagring som brukar energibrønnane som eit naturleg «batteri» mellom dei ulike sesongane.

Bildet: Tørrkjølere på taket til Energisentralen UiS. Foto: Statsbygg

Varmar opp heile Campus Ullandhaug

Med den nye energisentralen kan UiS produsere store deler av eigen varme – og kjøling når det trengs. UiS har også nok varme til framtidige bygg her på Universitetsområdet på Ullandhaug.

Energisentralen skal også produsere varme for den nye storstova for studentane. Studenthuset åpnar januar 2025.

Geotermisk laboratorium

I tillegg til dei 119 brønnane er det bora to brønnar heilt ned til omlag 650 meter. I fire av brønnane er det installert fire forskjellige typar rørkollektorar. Dette skal brukast i eit forskingsprosjekt som forskarar ved Institutt for energi og petroleum ved UiS står for.

Det nye sanntids-laboratoriumet i geotermisk energi-teknologi skal gje meir kunnskap om korleis ein kan utnytte geotermisk fornybar energi på ein mest mogleg optimal måte. Forskarane skal bruke avanserte modelleringsteknikkar basert på maskinlæring og kunstig intelligens for å utvikle modellar for overvaking og optimalisering av drifta i sanntid. 

Dei skal blant anna finne ut kva type brønnar og kva type drift som eignar seg i byområde. Målet er blant anna å korte ned nedbetalingstida for geotermisk energi. Slik kan teknologien takast i bruk i større monn enn i dag.   

Les om forskinga i tilknytting til Energisentralen UiS

Eit straumnett i miniatyr

Energisentralen er også utstyrt med ein elkraft-lab. Studentane får her tilgang til eit straumnett i miniatyr. Her kan dei kople opp elkraft-system og lære korleis dei ulike delsystema verkar saman.

Bildet: Solcellepanel på taket på Energisentralen UiS. Foto: Statsbygg

I løpet av utdanninga vil elkraft-studentane skaffe seg ferdigheiter og kunnskap som gjer dei førebudd på å bidra til smarte løysingar for det grøne skiftet. Det var Ulla-Førrefondet som gjorde det mogleg for UiS å etablere eit tipp topp elkraft-laboratorium.

Les sakaUlla-Førrefondet gir 10 millionar til elkraft-laboratorium

comments powered by Disqus
 

 
 
 
 

Aktivitetskalender

Vis alle

  

Aktuelle prosjekter

Vis alle

  

Bransjekommentar

Vis alle

  

Kurs og Seminarer

Vis alle

  

Produktnyheter

Vis alle

  

Nyttekjøretøy

Vis alle

  

 
 
 
Retningslinjer for datahåndtering, personvern og informasjonskapsler

Ved å surfe videre på vår hjemmeside og bruke våre tjenester godkjenner du at vi samler inn data om dine besøk. I vår personvernerklæring forklarer vi hvilke data vi samler inn, hvorfor vi samler dem inn og hva vi bruker dem til. Les mer...

OK, jeg forstår