Husbankens fagdag om inneklima

 
10.07.07: Husbanken arrangerer Inneklimafagdagen i Bergen den 11. oktober. Av sentrale tema nemner vi: Inneklima - dei store utfordringane. Blir det fukt og mugg i lavenergihus? Korleis og kvifor oppstår byggskader? Materialbruk, fukt og ventilasjonsbehov står også på dagsorden.
10.07.07: Husbanken arrangerer Inneklimafagdagen i Bergen den 11. oktober. Av sentrale tema nemner vi: Inneklima - dei store utfordringane. Blir det fukt og mugg i lavenergihus? Korleis og kvifor oppstår byggskader? Materialbruk, fukt og ventilasjonsbehov står også på dagsorden.

Av Jan Kalvik

Arrangementet foregår den 11. oktober 2007, starter klokken 09.00 med avslutning samme dag klokken 15.30. Stedet er Bergen Kongress Senter, Håkonsgaten 5. Fagdagen er gratis, deltagerne dekkker reise og evt. opphold selv.  Påmeldingsfrist er 11. september 2007 klokken 12.00. 

- Dårlege bustadtilhøve og bustadmangel var bakgrunnen for opprettinga av Husbanken i 1946. I dag er bustadsituasjonen ein annan, og derfor er Husbanken no mykje meir enn ein bustadbank. Vi arbeider mellom anna for å byggje gode bustader og skape funksjonelle bustadmiljø for alle. Eitt av satsingsområda er universell utforming, der inneklima er ein viktig komponent.

Den tekniske bustadstandarden i Noreg er blitt betre og betre, men ikkje nødvendigvis inneklimaet. Luftvegssjukdommar og dødeleg astma er tredobla dei siste ti åra. Eitt av fem barn har astma - den mest utbreidde årsaka til innlegging av barn på sjukehus. Kva verknad har uheldige miljøforhold og dårleg inneklima på slike sjukdommar?

Hovudsakeleg skuldast dårleg inneklima fuktskadar, dårlig ventilasjon, feilaktige oppvarmingssystem og dårleg reinhald. Her sviktar det både ved prosjektering, bygging og bruk av bustadene. Derfor bør inneklima inn som eige tema alt frå prosjekteringsfasen for å skape dei gode løysingane i samarbeid mellom arkitekt, konsulent og andre fagpersonar.

Målgruppe: Konsulentar, arkitektar, utbyggjarar, BBL, kommunar og høgskolar med byggfag.

Førebels program Inneklimafagdagen - kl. 09:00 - 15:30

Ordstyrar:        Chris Butters 

Opning av fagdagen v/ Mabel Johansen, direktør i Husbanken Region vest

Aktuelle inneklimaproblem, astma og allergi
v/ Astma og allergiforbundet

Inneklima – dei store utfordringane v/ Jan Vilhelm Bakke

Blir det meir fukt og mugg i lavenergihus? 
v/ Sverre Holøs, SINTEF Byggforsk

Byggskader: Kvifor og korleis oppstår dei?
v/ NTNU, tar for seg kvalitetssikring av byggeprosessen – rutinar eller kompetanse?

Materialbruk, fukt og ventilasjonsbehov: Passive løysingar for inneklimakontroll
v/ Dag Roalkvam, Gaia Lista AS

Går lavenergihus og godt inneklima i hop?
v/ Helge Davidsen, Multiconsult AS.
Utgangspunkt i Bob sin transformasjon av eit gammalt industriområde til bustader på Damgård i Bergen med vekt på tekniske løysningar og prioriteringar.

Arkitektur og bærekraft med fokus på inneklima v/ Søren Nielsen , Tegnestuen Vandkunsten, Danmark.

comments powered by Disqus
 

 
 
 
 

Aktivitetskalender

Vis alle

  

Aktuelle prosjekter

Vis alle

  

Bransjekommentar

Vis alle

  

Kurs og Seminarer

Vis alle

  

Produktnyheter

Vis alle

  

Nyttekjøretøy

Vis alle

  

 
 
 
Retningslinjer for datahåndtering, personvern og informasjonskapsler

Ved å surfe videre på vår hjemmeside og bruke våre tjenester godkjenner du at vi samler inn data om dine besøk. I vår personvernerklæring forklarer vi hvilke data vi samler inn, hvorfor vi samler dem inn og hva vi bruker dem til. Les mer...

OK, jeg forstår